Rettleiing til pasient med KOLS i heimen
Bachelor thesis

View/ Open
Permanent link
http://hdl.handle.net/11250/95782Issue date
2011-01-16Metadata
Show full item recordAbstract
Hensikten med denne oppgåva er å sjå korleis sjukepleier i heimesjukepleietenesta kan rettleie
pasientar med KOLS til å meistre sin kvardag. KOLS er ein kronisk sjukdom og i følgje
WHO den fjerde hyppigaste dødsårsaka i verda. KOLS er i stadig utvikling og som
helsepersonell treng ein å ha oppdatert kunnskap og forståing om sjukdomen. Oppgåva tek
føre seg kva KOLS er og korleis det er å leve med kronisk sjukdom. Dette er eit
litteraturstudium med kvalitativ tilnærming. Problemstilling: "Korleis kan sjukepleiar i
heimesjukepleietenesta rettleie pasient til å meistre sin kvardag?"
Oppgåva beskriv kva rettleiing inneber og korleis ulike spørsmålsformuleringar kan nyttas i
forhold til samtale og dialog med pasient. Vidare ser ein på kva sjukepleie er og korleis en
kan sjå utøvinga av sjukepleie i lys av Benner og Wrubel` teori. Den byggjer på ein
fenomenologisk verdsforståing, der dei definerer mennesket ut frå ein fenomenologisk
synsvinkel. Dei beskriv fire karakteristiske trekk ved det å vere menneske: spesielle
anliggende, kroppsleg forståing, bakgrunnsforståing og situasjon/kontekst. Eit menneske kan
oppleve forandring i ein eller fleire av disse karaktertrekk og dette kan føre til stress. Stress og
meistring er begrep som heng saman og som blir beskrive ut frå Lazarus og Folkman.
I drøftinga er det brukt eit fiktivt case for å synliggjere ein reel pasient og situasjon. Her tar
ein føre seg møte mellom sjukepleiar og pasient i heimen, kva som er viktig for pasient og
kva som er utfordringar i kvardagen. Korleis pasient kan utøve kontroll av sjukdomsutvikling
gjennom meistring. Sjukepleier vert bevisstgjort på tilnærming til pasient med kronisk
sjukdom og korleis utøving av omsorg og rettleiing kan styrke meistringskompetanse.
Description
Bacheloroppgave 2010