Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLanda, Arild Magne
dc.contributor.authorTovmo, Mari
dc.contributor.authorUlvund, Kristine R.
dc.contributor.authorMeås, Roger
dc.contributor.authorEide, Nina Elisabeth
dc.contributor.authorFlagstad, Øystein
dc.contributor.authorAndersen, Roy
dc.date.accessioned2014-12-05T09:37:26Z
dc.date.accessioned2016-03-31T11:36:04Z
dc.date.available2014-12-05T09:37:26Z
dc.date.available2016-03-31T11:36:04Z
dc.date.issued2013-04
dc.identifier.citationLanda, A., Tovmo, M., Ulvund, K., Meås, R., Eide, N. E., Flagstad, Ø. & Andersen, R. 2013. Avlsprogrammet for fjellrev. Årsrapport 2012. – NINA Rapport 939. 61 s.nb_NO
dc.identifier.isbn978-82-426-2544-1
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2383390
dc.description.abstractAvlsprogrammet for fjellrev starta i den noverande forma i 2005 på avlsstasjonen på Sæterfjellet (Oppdal). Stasjonen er basert på maksimering av trivsel for dyra, med store innhegningar i naturleg fjellrevhabitat og minst mogleg handtering av avlsdyr. Programmet byggjer på innfanga kvalpar frå naturen, med ei geografisk spreiing som speglar den genetiske variasjonen som er att i Noreg og Sverige. Det er henta inn totalt 24 viltfanga kvalpar til programmet (inklusiv 4 som viste seg å ha farmrevopphav). Hausten 2012 var stasjonen nesten full, med 8 par i stasjonen samt eitt par i Langedrag Naturpark. Tispa på Langedrag døydde og eitt par rømte frå avlsstasjonen i løpet av seinvinteren. Alle dei attverande para i stasjonen fekk sannsynlegvis kvalpekull våren 2012 (totalt sju kull). Kulla varierte i storleik (1–8), og det vart sannsynlegvis produsert totalt 40 kvalpar. Av desse vart 20 merkt medan resten døydde før merking. Det er grunn til å tru at den seine snøsmeltinga saman med ein våt og kald sommar førte til at det var problematisk for foreldrepara å halde kvalpane tørre og varme. Kvalpane har dermed truleg døydd grunna væte og nattefrost medan dei var små og immobile. I åra 2006–2012 er det fødd 40 kull i avlsprogrammet, med totalt 258 kvalpar. Programmet er no i ein fase der det er naudsynt å erstatte avlsdyr etter kvart som dei når høg alder og såleis produserer få avkom. Ein fortsatt høg produksjon av kvalpar for utsetjing føreset òg at ein løyser problema med opphoping av snø rundt innhegningane og dermed unngår rømmingar. I perioden 2006–2011 er det sett ut totalt 196 dyr frå avlsprogrammet. Av desse har ein funne att 67 dyr ein eller fleire gongar etter 1. april det første året etter utsetjing. Av dei 40 dyra som vart sett ut vinteren 2011/2012 er 6 funne att i datamaterialet etter 1. april 2012. Den registrerte overlevinga første år etter utsetjing varierer mellom år (15–71 %). Overleving er truleg betydeleg underestimert grunna utvandringar og manglande registrering av kjente individ. Vinteren 2012/2013 vert det sett ut totalt 14 nye kvalpar frå programmet, alle på Finse. I 2012 vart det i Noreg registrert berre éi yngling i det fri. To fjellrevar med opphav frå avlsstasjonen fekk minimum fire kvalpar på eit hi i nærleiken av avlsstasjonen. Det vart få ynglingar trass i at det i alle utsetjingsområde vert utført aktiv støttefôring. Årsaka til dette er at 2012 har vore eit utprega botnår for mus og lemen. Dette syner tydeleg kor avhengig fjellreven er av lemen for å reprodusere. I motsetnad til den store variasjonen i yngling hjå revane i det fri, får revane i avlsstasjonen kvalpar sjølv i år utan smågnagarar. Forskjellen i reproduksjon hjå fjellrev i avlsstasjonen og dei som lever vilt kan tyde på at predasjonsstress kan vere ein viktig faktor med negativ påverknad på reproduksjon i det fri.nb_NO
dc.description.abstractThe captive breeding programme for Arctic fox was established in its current form in 2005, when the building of the breeding station at Sæterfjellet (Oppdal, central Norway) was completed. The philosophy behind the captive breeding programme is to maximize the wellbeing of the animals within large enclosures in natural arctic fox habitat combined with a minimum of handling of the breeding stock. The breeding stock is based on cubs captured from the wild, and it represents the remaining genetic variation in the Norwegian and Swedish population. In autumn 2012 there were 8 breeding couples in the breeding station and one couple at Langedrag wildlifepark. One couple escaped during March 2012 due to snow accumulation and the female at Langedrag died in April. She was most likely killed by a golden eagle. All the remaining couples in the breeding station bred during spring 2012 and 40 cubs were born. However, only 20 cubs were marked, as the remaining 20 died before marking. The high mortality is probably due to the late snow melting. A cold and wet summer gave the parents a difficult time keeping their cubs warm and dry. This meant that several cubs probably froze to death while they still were immobile. During the years 2006–2012 40 litters have been born in captivity, with a total of 258 cubs. The programme is now in a phase were some of the animals in the breeding stock are reaching high age, and needs to be replaced to continue breeding success. It is also necessary to solve the problem with snow accumulation and thus prevent escapes. During the years 2006–2011 a total of 196 animals have been released. 67 of these animals were found in the data collected after 1st April the year following release. 6 of the 40 animals released in the winter 2011/2012 were found in the data collected after 1st April 2012. In the winter of 2012/2013 14 new cubs from the programme were released, all in the Finse area. The minimum survival to the first year after release varies between years (15–71 %). The survival is probably underestimated due to emigration and insufficient recording methodology of the released animals. In 2012 only one reproduction were confirmed in Norway. Four cubs were born at a den close to the artic fox breeding station. Both parents have been released from the breeding programme. 2012 was a low year for lemmings and mice and supportive feeding has been done actively in all areas where artic foxes have been released. Only one breeding despite the supportive feeding shows how dependent the artic foxes are on lemmings to reproduce. In contrast to their wild relatives, the foxes in the breeding station produce cubs every year. This indicates that predation stress could be an important factor affecting breeding success of wild foxes negatively.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskningnb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;939
dc.relation.urihttp://www.nina.no/archive/nina/PppBasePdf/rapport/2013/939.pdf
dc.subjectfjellrev i Noregnb_NO
dc.subjectAlopex lagopusnb_NO
dc.subjectNINA Rapportnb_NO
dc.subjectavlsprogrammetnb_NO
dc.subjectutsetjingnb_NO
dc.subjectbevaringnb_NO
dc.subjectarctic fox in Norwaynb_NO
dc.subjectcaptive breeding programmenb_NO
dc.subjectre-introductionnb_NO
dc.subjectconservationnb_NO
dc.titleAvlsprogrammet for fjellrev. Årsrapport 2012nb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.date.updated2014-12-05T09:37:27Z
dc.source.pagenumber61 s.nb_NO
dc.identifier.cristin1048067
dc.relation.projectDirektoratet for naturforvaltningnb_NO
dc.description.localcode© Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelse.nb_NO


Tilhørende fil(er)

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel